Nacht und Nebel (norsk 'Natt og tåke' ) var eit program for utsletting av motstandarar av nazismen.

Programmet vart sett i gang ved Führerlass, forordning frå Føraren Adolf Hitler, den 7. desember 1941. Formålet var at politiske aktivistar skulle forsvinne i tyske leirar. Av dette kjem uttrykket NN-fange. NN-fangane skulle arbeide seg til døde ved å gjere hardt fysisk arbeid på minimale matrasjonar. Av kjente norske NN-fangar var Trygve Bratteli, Osmund Faremo, Kristian Ottosen, Henriette Bie Lorentzen og Nils Onsrud.

Natt og tåke (fransk: Nuit et brouillard) var òg tittelen på ein dokumentarkortfilm med referanse til konsentrasjonsleirane under den andre verdskrigen, med den franske Alain Resnais som regissør.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nacht und Nebel» frå , den 27. april 2010.

Kategori:Det tredje riket Kategori:Konsentrasjonsleirar