Ludovic Obraniak () er ein fransk fotballspelar med polsk bakgrunn som har spela på midtbanen for Lille i den franske toppdivisjonen, Ligue 1, og for det polske landslaget. Obraniak sin bestefar kom frå Polen. Han spelte éin venskapskamp for Frankrike sitt U21-landslag, men på A-landslagsnivå var han interessert i å spela for Polen sitt landslag. Han vart polsk statsborgar 5. juni 2009, og 12. august 2009 spelte han den første landskampen sin for Polen, og skåra begge måla i ein 2-0-siger i ein venskapskamp mot Hellas.

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Polske fotballspelarar Kategori:Metz-spelarar Kategori:Lille-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012