Antonio Caldara () var ein italiensk cellist og komponist. Han høyrde til den venetianske seinbarokken.
Caldara fekk den musikalske utdanninga si frå Giovanni Legrenzi i Venezia. Rundt 1716 vart han utnemnd til første visekapellmeister under Johann Joseph Fux ved det austerrikske hoffkapellet i Wien. Han skapte seg eit namn med sine over 3400 verk, mellom anna meir enn 80 operaer, 43 oratorium, 150 messer, serenadar, kantater og sinfoniaer. Musikken hans utmerker seg med ein stor melodirikdom.
Keisar Karl VI dirigerte sjølv nokre av operaene til visekapellmeisteren sin. Musikken var ei god blanding av italienske og tysk-austerrikske element og vart godt mottekne i Wien.
Verk Op.1: 12 Suonate a tre (triosonatar). Venezia 1693 Op.2: 11 Suonate da camera a tre og ein chaconne. Venezia 1699 Talrike Sonate da camera a fiolino e violoncello (berre bevart i manuskriptform, komponert før 1710) Fleire upubliserte solo- og triosonatar frå tida i Wien. 17 cellosonatar og ein cellokonsert tileigna grev Schönborn (1735) Fleire konsertante sinfoniaer Sirita (opera) Attalanta ovvero la costanza in amor., Braunschweig 1698 Weihnachtskantate for solostemmer og kammerorkester
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antonio Caldara» frå , den 30. april 2010.
Bakgrunnsstoff Liste over sceneverka til Caldara
Notar
Kategori:Italienske komponistar Kategori:Italienske cellistar Kategori:Barokkomponistar Kategori:Operakomponistar Kategori:Folk frå Venezia