Raul José Trindade Meireles () er ein portugisisk fotballspelar som spelar for Fenerbahçe i den tyrkiske fotballigaen, og for det portugisiske landslaget.
Meireles begynte fotballkarrieren sin hjå Boavista i heimbyen Porto. Sommaren 2004 vart han kjøpt av topplaget FC Porto, og vart snart førsteval på midtbanen for klubben. Han var med på å vinna den portugisiske serien fire år på rad, frå 2006 til 2009, for Porto. Han var med på vinna den europeiske Meisterligaen med Chelsea i 2012. Med Fenerbahçe vart han seriemeister i Tyrkia i 2014.
Han debuterte for Portugal sitt A-landslag i 2006, og var med i troppen til fotball-EM i 2008, der han skåra eitt mål.
Kategori:Portugisiske fotballspelarar Kategori:Aves-spelarar Kategori:Porto-spelarar Kategori:Boavista-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Fenerbahçe-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014