Erik Mjelde () er ein norsk fotballspelar frå Bergen. Han har spela for Lillestrøm, der han signerte i 2013. Han har tidlegare spelt for Sandefjord, Løv-Ham og Brann. Han er bror til Maren Mjelde.
Karriere
Erik Mjelde var elev på fotballgymnaset til SK Brann, og han viste at han hadde kvalitetar som midtbanespelar. Han trente med A-laget til Brann, og den 30. juni 2002 fekk han debuten sin på Stadion, der Brann vann 4-1 over Molde FK. Mjelde fekk spele seks A-lagskampar for Brann, før han i midten av 2003-sesongen vart utlånt til Løv-Ham. Etter tre sesongar i Løv-Ham kjøpte Sandefjord Mjelde for 40 000 kroner.
Han vart særs populær i Sandefjord. I 2008 var han delt toppskårar for klubben i 1. divisjon, med ni seriemål. I 2009-sesongen var han kaptein og toppscorar for klubben og scora elleve mål på 29 kamper. Han var den mestscorande midtbanespelararen i tippeligaen den sesongen. Mjelde hadde lenge eit ønske å spele for Brann igjen. I januar 2010 var han ønskt av Brann og Tromsø. Den 22. januar vart Sandefjord og Brann samde om ein overgang for Mjelde. Han signerte ein 4-årsavtale og valde draktnummer 6.
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Erik Mjelde» frå , den 4. mai 2010.
Bakgrunnsstoff Spelarprofil hos brann.no
Kategori:Sandefjord-spelarar Kategori:Løv-Ham-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Fotballspelarar frå Bergen