Konsvikosen er ei bygd i Lurøy kommune i Nordland. Bygda ligg mellom Tonnes og Kvina på søraustsida av Tonneshalvøya, langs Fylkesveg 439, ein sideveg til Riksveg 17. Her finst m.a. butikk m/ post i butikk-ordning, bedehus, barnehage, barne- og ungdomsskulen Konsvik skole og aldersheimen Konsviktunet.

I lag med bygdene Tonnes og Kvina med omland er Konsvikosen del av grunnkretsen Konsvik som har om lag 360 innbyggjarar.

Bakgrunnsstoff Konsvikosen, Tonnes og Kvina Informasjonsbrosjyre utgjeve av Lurøy Kommune Lurøy kommune sine nettsider.

Kategori:Geografi i Lurøy Kategori:Bygder i Nordland