Høgskolen i Oslo (HiO), blei etablert 1. august 1994 og hadde om lag 12.000 studentar og 1100 tilsette. Høgskulen var ein av 24 statlege høgskular i Noreg og er eit resultat av at tretten statlege høgskular i Oslo blei slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994. Den var den største statlege høgskulen i Noreg.
Høgskolen vedtok samanslåing med Høgskolen i Akershus på Kjeller den 9. desember 2010. Den nye høgskolen, Høgskolen i Oslo og Akershus, blei oppretta den 1. august 2011.
Lokalisering Høgskolen i Oslo var samlokalisert på Bislett (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass), med hovudadresse Pilestredet 46 på Bislett i Oslo.
Avdelingar og studietilbod Høgskulen tilbaud fag- og profesjonsstudium innan ei rekkje fagområde. Faga kunne takast i varierande lengde frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og eit doktorgradstudium, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Dei sju avdelingane ved Høgskolen i Oslo var: Avdeling for helsefag Avdeling for samfunnsfag Avdeling for estetiske fag Avdeling for ingeniørutdanning Avdeling for sykepleierutdanning Avdeling for lærerutdanning og internasjonale studier Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag
I tillegg kom Senter for profesjonsstudier (SPS).
Høgskulen tilbaud internasjonalisering av studia, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter avslutta studiar.
I 2007 blei Høgskolen i Oslo, avdeling for lærarutdanning og internasjonale studiar, tildelt ansvaret for opprettinga av den første permanente tolkeutdanning i Noreg, og oppretta same år studietilbodet «Tolking i offentlig sektor» der det i løpet av 2007 og 2008 blei tilbode tolkeutdanning i 30 ulike språkkombinasjonar.
Rektorar ved Høgskolen i Oslo Steinar Stjernø 1994-2000 Per Lilleengen 2000-2007 Sissel Østberg 2007-2011
Sjå også Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad Oslostudenten (studentavis) Studentersamfunnet Bislet Studentparlamentet
Kjelder
Bakgrunnsstoff Høgskolen i Oslo Studentparlamentet Oslostudenten (Studentavis)
Litteratur Fra bryggeri til høgskole, om utbyggingen av Frydenlundområdet 1922-1999. redigert av Jon Li. Oslo, 1999. ISBN 82-579-0274-8
Kategori:Høgskolen i Oslo Kategori:Tidlegare høgskular i Noreg Kategori:Høgskular i Oslo Kategori:Bydel St. Hanshaugen Kategori:Skipingar i 1994