Ludvig Stoud Platou () var ein dansk-norsk historikar og stortingsmann. Han var den første professoren i historie ved universitetet i Christiania.

Liv og gjerning Platou var fødd i Slagelse i Danmark. Han vart student i 1795, og studerte så estetikk og historie. Lærar i historie og geografi i København frå 1801. Han tok skuleembetseksamen i 1803 og var deretter adjunkt ved katedralskulen i Christiania. Frå 1806 var han overlærar. Etter Enevold Falsen døydde i 1808 overtok han utgjevinga av den offisielle avisa Budstikken, som i 1810 vart talerøyr for Selskabet for Norges Vel. Platou deltok i stiftinga av dette selskapet, og var seinare ei leiande kraft i selskapet, visepresident i 1822.

Etter opprettinga av det norske universitetet i 1813 vart Platou utnemnd til professor i historie og statistikk. I 1815 vart han ekspedisjonssekretær i indredepartementet. Han beheldt halvparten av professorløna, mot å halde førelesingar i statsøkonomi, statistikk og geografi. Konstituert statssekretær i perioden 1817-21, utnemnd til statssekretær i 1825.

Platou representerte Akershus amt på Stortinget i 1824. Han var då formann i kyrkjekomiteen, samt medlem av tre andre komitear. Tidlegare, i 1814, vart han av riksforsamlinga vald til å stå føre utgjevinga av riksforsamlingsforhandlingane, saman med Georg Sverdrup og Christopher Omsen.

Platou gav ut ei rekke lærebøker i geografi og historie.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Bokmålswikipedia

Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Norske historieprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Slagelse