Martinho Martins Mukana, kjend som Paíto () er ein mosambikisk fotballspelar. Han spelar i forsvar for Sion i den sveitsiske fotballigaen og for landslaget til Mosambik.
Paíto begynte den profesjonelle karrieren sin hjå Sporting Clube de Portugal i Lisboa. I den tredje sesongen sin i klubben spelte han jamt på førstelaget. Han skåra det einaste målet sitt for Sporting mot Benfica 26. januar 2005 i cupen. I januar 2006 mista han plassen sin på førstelaget til Sporting og vart lånt ut til Vitória, der han spelte fast på laget, som rykte ned ved enden av sesongen. I 2006 vart han kjøpt av Mallorca i Spania, men straks lånt ut til Braga i Portugal for 2006/07-sesongen. Han fekk få kampar for Braga, og då låneperioden var slutt, vart han fristilt frå kontrakten sin med Mallorca. Han drog då til Sveits og FC Sion.
Paíto debuterte for Mosambik sitt landslag som 20-åring. Han deltok på Mosambik sitt lag i Afrikameisterskapen i 2010, der han spelte alle Mosambik sine tre kampar.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 10. mai 2010.
Kategori:Mosambikiske fotballspelarar Kategori:Sporting-spelarar Kategori:Vitória de Guimarães-spelarar Kategori:Mallorca-spelarar Kategori:Braga-spelarar Kategori:Sion-spelarar