Gonzalo Gerardo Higuaín () er ein argentinsk fotballspelar som i 2014 spela for Napoli i italiensk Serie A, og for Argentina sitt landslag.
Higuaín vart fødd i Frankrike, då faren var profesjonell fotballspelar der, men allereie då han var 10 månader gammal flytta familien attende til Argentina. Han kunne velja om han ville spela for det franske eller argentinske landslaget, men valde Argentina.
Higauín vart seriemeister i Spania med Real Madrid i 2007, 2008 og 2012. I 2014 vart han cupmeister i Italia med Napoli. Han vart klubben sin toppskårar i serien same sesongen.
Kategori:Argentinske fotballspelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Napoli-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018