Holmen kyrkje er ei krosskyrkje frå 1853 på Prestfoss i Sigdal kommune i Buskerud.

Til grunn for oppføringa har ein nytta teikningane til Bamble kyrkje, som vart teikna av Gustav Adolph Lammers. Kyrkja avløyste ei ombygd stavkyrkje som stod om lag 500 meter unna, aust for prestegarden. Stavkyrkja vart riven i 1855, men den gamle kyrkjegarden vart nytta heilt fram til 1890, då ny kyrkjegard vart teken i bruk. Gravkapellet er frå 1935.

Litteratur

Bakgrunnsstoff Sigrid Marie og Håkon Christie: Sigdal kirke i «Norges kirker» Sigdal kyrkjelege fellesråd

mini|venstre|Mot koret

Kategori:Kyrkjer i Sigdal Kategori:Kyrkjer i Eiker prosti Kategori:Kulturminne i Sigdal Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:1853 i Noreg