Leksvik er ein tettstad i Indre Fosen kommune i Trøndelag fylke. Busetnaden i tettstaden ligg spreitt langs fjorden mellom elvane Innerelva og Ytterelva, og er særleg konsentrert omkring strandområda Kroa og Rønningen. Leksvik var administrasjonssenteret i den tidlegare kommunen Leksvik og har .

Sentrum ligg like ved fylkesveg 755 vest for Krobrua. Her er det gamle kommunehuset, handelssenter, diverse småbutikkar og andre servicetilbod. På det gamle kommunehuset finst NAV, bibliotek og kyrkjelydkontor. Lensmannskontoret, Bank og Post i butikk ligg i nærområdet. Vest for Rønningen er Hammerberget kai og ei småbåthamn.

Leksvik kyrkje ligg ved Røstad, om lag 0,5 km nord for tettstaden.

Sjå òg Leksvik kommune

Kjelder

Kategori:Geografi i Indre Fosen Kategori:Tettstader i Trøndelag