Nicolas Anelka () er ein fransk fotballspelar. Han har spela i angrep for Chelsea i engelsk Premier League og for det franske landslaget. Han har tidlegare spelt for ei rekkje klubbar i Premier League, i tillegg til Real Madrid i Spania og den første proffklubben hans, Paris Saint-Germain i Frankrike. Han var toppskårar i Premier League i 2008/09-sesongen med 19 seriemål. Han var Bolton Wanderers sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 11 seriemål og i 2007/08-sesongen med 10 seriemål.
Landslagsspel Anelka deltok åra 1998 til 2010 i 69 av Frankrike sine landskampar. Han skåra 14 landslagsmål. Anelka vart europameister 2000 med Frankrike, men spelte ikkje finalen. Sidan deltok han i europameisterskapen 2008 og verdsmeisterskapen 2010, hans avskjed med landslaget.
Merittar Europameister: 2000 for Frankrike Vinnar av meisterligaen: 2000 med Real Madrid Vinnar av cupvinnarcupen: 1996 med Paris Saint-Germain Engelsk ligameister: 1998 med Arsenal FC og 2010 med Chelsea FC Engelsk FA-cupmeister: 1998 med Arsenal FC, 2009 og 2010 med Chelsea FC Tyrkisk seriemeister: 2006 med Fenerbahçe
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nicolas Anelka» frå , den 25. juni 2024.
eu-football
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Paris Saint-Germain-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Fenerbahçe-spelarar Kategori:Bolton-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010