Silvia () er dronning av Sverige og gift med kong Carl XVI Gustaf av Sverige.

Silvia Sommerlath vart fødd i Heidelberg i Tyskland under andre verdskrigen, som einaste dotter til direktør Walther Sommerlath og den brasilianske kona hans Alice, fødd de Toledo.

Silvia tok studentereksamen i Düsseldorf i 1963 og under andre halvdel av 1960-talet utdanna ho seg til tolk i München. Ho arbeidde ei tid på Argentina sitt konsulat i München, deretter arbeidde ho med førebuingane til Sommar-OL 1972 i byen. I 1973 vart ho viseprotokollsjef for organisasjonskomitéen for Vinter-OL 1976 i Innsbruck i Austerrike.

Under dei olympiske leikane i München trefte Silvia den dåverande kronprinsen i Sverige, Carl Gustaf, og den 12. mars 1976 vart forlovinga deira kunngjort. Dei gifte seg 19. juni 1976 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm, og fekk borna Victoria, Carl Philip og Madeleine.

Dronning Silvia vart tildelt Storkrossen av St. Olavs Orden i 1982.

Titlar Hennar Majestet Dronning Silvia av Sverige

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen er omsett frå «Silvia av Sverige» frå , den 25. mai 2010.

Kategori:Fyrstehuset Bernadotte Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Svenske dronningar Kategori:Elefantordenen Kategori:Kongelege frå Heidelberg