Niels Arntzen Sem () var ein norsk embetsmann, stortingsrepresentant, stortingspresident i 1830 og 1845.
Sem var fødd i Ringebu i Oppland, der faren var prest. Han vart student i 1801 og tok latinsk juridisk eksamen i 1806. Same året vart han utnemnd til stiftsoverrettsprokurator i Kristiansand stift. I 1809 vart han regimentskvartermeister, i 1811 overauditør og i 1812 prokurator ved alle over- og underrettar i Noreg og Danmark, med unnatak for høgsterett, landsover-, hov- og stadsretten. I 1815 vart han den fyrste advokaten i Noregs Høgsterett.
År 1823 vart Sem utnemnd til sorenskrivar i Jæren og Dalane. Fem år seinare, 1828, vart han amtmann i Buskerud amt. Etter tre år der vart han i 1831 stiftamtmann i Akershus stift, og i 1837 stiftamtmann i Kristiansand stift og amtmann i Lister og Mandal amt. Frå 1846 til 1857 var han stiftamtmann i Kristiania.
Sem var innvald på Stortinget 1824, 1827 for Stavanger amt, for Buskerud amt i 1830, og for Kristiansandby i 1842 og 1845. Han var stortingspresident både i 1830 og i 1845. Dessutan var han lagtingspresident i 1824, 1830 og 1845. Ei samtidig skildring talar om «hans alsidige Dannelse, hans lyse Hoved og hans udmærkede Veltalenhed», og hans «totale Mangel paa Arbeidslyst».
Sem var formann i den kongelege kommisjonen som i 1833 innleia statens arbeid med saka som i 1837 munna ut i formannskapslovene.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske amtmenn Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Folk frå Ringebu