Stuart Holden () er ein skotsk-amerikansk fotballspelar som spelar for Bolton Wanderers i engelsk Premier League, og for det amerikanske landslaget. Han vart fødd i Skottland og flytta til Houston i Texas med familien sin då han var ti år gammal. Han gjekk til Bolton frå MLS-laget Houston Dynamo 25. januar 2010. Han representerte USA i sommar-OL i Beijing i 2008, der han skåra eitt mål. Han debuterte for USA sitt A-landslag 4. juli 2009 mot Grenada, og skåra eitt mål i debutkampen.

Kategori:Fotballspelarar frå USA Kategori:Skotske fotballspelarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Bolton-spelarar Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2008