Jacob Erik Lange () var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Lange var fødd i Bergen, som son av ein prokurator. Han vart offiser i 1789, premierløytnant i 1798. I 1808 vart han kaptein i 2. trondhjemske infanteriregiment, ti år seinare kompanisjef for trondhjemske gevorbne musketerkorps.

I 1814 var Lange utsending frå regimentet sitt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han gjorde lite av seg i forhandlingane, og er ein av dei som historikarane ikkje veit kvar stod i unionsspørsmålet.

Lange vart tildelt den svenske Sverdordenen.

Kjelder

Kategori:Norske offiserar Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Sverdordenen Kategori:Folk frå Bergen