Thor Breien () var ein norsk offiser, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Jevnaker i Oppland. Han var farbror til Michael Breien.

Breien var son av ein brukseigar i Norderhov i Buskerud. Sjølv var han 1807-12 elev av det kongelege norske landkadettkorps i Kristiania. Han vart sekondløytnant i nordafjelske infanteriregiment i 1812, tilsett ved landkadettkorpset i 1813, og i 1814-15 adjutant hos sjefen for korpset, Diderich Hegermann.

Frå 1818 gjorde Breien teneste i 2. akershusiske brigade, i 1823 vart han premierløytnant i ringerikske kompani. År 1837 vart han kaptein i det norske jegerkorps, sjef 1843 for landske kompani. I 1844 same posisjon i ålske kompani, var i 1848 med på utmarsjen til Skåne.

Breien tok aktiv del i utviklinga av lokalsamfunnet i Ringerike. Mellom anna var han med å stifte Norderhov sokneselskap og Ringerikes sparebank. Han arbeidde iherdig for oppretting av kjøpstad på Hønefoss og av vidaregåande skular, samt betre kår for husmennene. 1840-41 var han ordførar i Norderhov.

I 1842 og i 1845 representerte Breien Buskeruds amt på Stortinget. Fyrste gongen var han sekretær i militærkomiteen og medlem av skysslovkomiteen. Siste gongen var han medlem av protokollkomiteen.

Perioden frå 1819 til 1848 budde Breien på farsgarden i Norderhov. Han tok avskjed frå det militærte i 1854, og busette seg då i Kristiania. Der døydde han i 1868.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Ordførarar i Norderhov Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Jevnaker