Zacharias Rasmussen Melleby () var ein norsk soldat, gardbrukar og eidsvollsmann frå Skjeberg i Østfold.
Melleby var fødd på garden Utengen i Skjeberg, som far hans dreiv. Sjølv var han soldat i krigen 1807-14. Under kampane på Prestbakke den 10. januar 1808 kjempa han i fremste rekke i den norske styrken. Han stod då i nordre Rakkestad kompani. For sitt utviste mot under kampane vart han etterpå tildelt dannebrog. I 1814 var han kommandersersjant ved akershusiske skarpskyttarregiment.
Våren 1814 var han ein av dei som representerte skarpskyttarregimentet under riksforsamlinga på Eidsvoll.
Seinare var Melleby gardbrukar på farsgarden Utengen, der han døydde i 1854.
Kjelde Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Folk frå Sarpsborg Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet