Skogstjerneblom (Stellaria nemorum) er ei plante i nellikfamilien. Arten er europeisk i si utbreiing. I Noreg finn ein planta på fuktige stader i skog over heile landet. Til fjells er ho funnen i vierkjerr opp til 1400 meter over havet.
Planta har kvite krypande tæger frå stengelgrunnen. Ho har tynne gulgrøne småhåra blad, der dei nedre blada er langskafta og hjarteforma. For kvar greining vert støtteblada gradvis mindre, det andre paret om lag halvparten av det første. Frøa har låge halvkuleforma vorter.
Skogstjerneblom blømer omkring juni.
Kjelder Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget, 1985.
Denne artikkelen bygger på «Lundarv» frå , og «Skogstjerneblom» frå den 6. juni 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Nellikfamilien