Rasmus Abildgaard Leganger () var ein norsk trelasthandlar i Fredrikshald. Georg Leganger var sonen hans, Henrik Leganger bror hans.

Leganger var son av ein skipper og handelsmann i Eigersund. Sjølv slo han seg i siste del av 1790-åra ned i Halden, der han sidan dreiv sagbruk og handel med trelast.

I 1833 representerte Leganger Fredrikshald på Stortinget. Han var medlem av Lagtinget, av tollkomiteen og av komiteen om kjøpstadskatten.

Leganger døydde i Halden i 1841.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske trelasthandlarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar for Fredrikshald Kategori:Folk frå Eigersund Kategori:Folk frå Halden