Ramires Santos do Nascimento () er ein brasiliansk fotballspelar som har spela på midtbanen for Chelsea i engelsk Premier League, og for landslaget til Brasil.

Han deltok i Brasil sitt lag som tok bronse under sommar-OL i 2008. Han spelte den første A-landskampen sin for Brasil 6. juni 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Uruguay. Han skåra dei to første landslagsmåla sine 7. juni 2010 i ein treningskamp mot Tanzania før fotball-VM i 2010. Ramires har vunne éin portugisisk seriemeisterskap med Benfica, i 2010. Med Chelsea har han vunne FA-cupen i 2011/12-sesongen, Europaligaen i 2012/13-sesongen og den europeiske meisterligaen i 2011/12-sesongen.

Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Benfica-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014