Haagen Ludvig Bergh () var ein norsk prest og stortingsmann frå Kristiania.
Bergh var son av ein kjøpmann i Kristiania. Sjølv vart han student i 1827 og cand. theol. i 1832. Han var personalkapellan i Øyestad fram til 1835, då han vart residerande kapellan i Hoff i Solør. Sokneprest i Åsnes 1848-57 og deretter i Skjeberg til han døydde.
Bergh var representert på alle Storting frå 1845 til 1863. Fram til og med 1858 representerte han Hedmark, sidan Smaalenene. På alle tingsamlingane sat han i Lagtinget, var president for dette 1851-63. Elles var han i 1845 og 1848 sekretær i gasje- og pensjonskomiteen, formann i same i 1851, 1854, 1857, 1859-60 og 1862-63. Medlem av valkomiteen 1854, 1857, 1858, 1859-60 og 1862-63. I 1860 var han medlem av komiteen om statthaldarsaka.
Bergh døydde i Kristiania i 1863, straks etter eit møte i Lagtinget.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Norske prestar Kategori:Politikarar frå Oslo