Bongani Sandile Khumalo () er ein swazilandsk-sørafrikansk fotballspelar som hausten 2011 spelar for Reading FC i den nest høgste divisjonen i England, Football League Championship, på lån frå Tottenham Hotspur i Premier Leagua, og for landslaget til Sør-Afrika. Han vart fødd i Swaziland, men flytta til Pretoria i Sør-Afrika med familien som toåring. Han vart seriemeister med Supersport United i 2008 og 2009. I 2009 vart han kåra til årets unge spelar i den sørafrikanske ligaen. Khumalo debuterte for Sør-Afrika sitt A-landslag i mars 2008 i ein vennskapskamp mot Zimbabwe.
Kategori:Sørafrikanske fotballspelarar Kategori:Eswatiniske fotballspelarar Kategori:Tottenham-spelarar Kategori:Preston-spelarar Kategori:Reading-spelarar