Nwankwo Nwosu Kanu () er ein nigeriansk tidlegare fotballspelar som har spela som spiss for Portsmouth i den engelske fotballigaen, og for det nigerianske landslaget. Kanu har vunne seriemeisterskap med tre ulike lag: Iwuanyanwu Nationale i Nigeria i 1993, Ajax i Nederland i 1994, 1995 og 1996 og Arsenal i England i 2002 og 2004. Han var delt toppskårar for West Bromwich Albion i Premier League i 2005/06-sesongen med fem seriemål, og Portsmouth sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 10 seriemål. Han vart kåra til årets afrikanske spelar i 1996 og 1999.
Landslagsspel I 1996 var han med på å ta gull i sommar-OL i Atlanta. Han debuterte for Nigeria sitt A-landslag i 1994 i ein vennskapskamp mot Sverige. Han har teke del i tre VM for Nigeria, i 1998, 2002 og 2010.
Merittar Olympisk meister: 1996 for Nigeria Vinnar av meisterligaen: 1995 med Ajax Vinnar av UEFA-cupen: 1998 med Inter Nigeriansk ligameister: 1993 med Iwuanyanwu Nederlandsk seriemeister: 1994, 1995, 1996 med Ajax Engelsk ligameister: 2002, 2004 med Arsenal FC Vinnar av FA-cupen: 2002, 2003 med Arsenal FC og 2008 mmed Portsmouth
Kjelder
Kategori:Nigerianske fotballspelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:West Bromwich-spelarar Kategori:Portsmouth-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010