Søren Jørgensson Aandahl () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Grytten i Romsdal.

Aandahl var fødd på garden Åndal i Grytten. Han tok over farsgarden i 1823 og dreiv denne til 1867. Han var medlem av heradstyret i Grytten frå 1838 til 1860, ordførar i 14 år. Elles hadde han mange kommunale verv, og var med i forlikskommisjonen 1839-65.

Frå 1838 til 1865 var Aandahl valmann til alle valting i Romsdals amt. Sjølv vart han vald til stortingsrepresentant fyrste gongen i 1841, møtte på Stortinget 1842, der han var medlem av kyrkjekomiteen. På ny stortingsmann i 1851, 1854, 1857 og 1858, alle gongane medlem av tollkomiteen. I 1857 og 1858 også medlem av Lagtinget.

Aandahl døydde på garden sin i 1886.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar for Romsdals amt Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger amt Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Haugianarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Rauma