David Benjamin James () er ein engelsk fotballspelar. Han har spela som keeper for Portsmouth, og for det engelske landslaget. James har hatt ein svært lang karriere og er den spelaren som har spelt flest kampar i engelsk Premier League, ein rekord han sette 14. februar 2009 då han spelte sin kamp nummer 536. Under fotball-VM i 2010 var han den eldste spelaren i turneringa, 39 år gammal. Han debuterte for England sitt A-landslag 29. mars 1997 i ein vennskapskamp mot Mexico. I 2010 passerte han 50 landskampar.
Merittar Vinnar av den engelske ligacupen: 1995 med Liverpool FC Vinnar av FA-cupen: 2008 med Portsmouth FC
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «David James» frå , den 30. juni 2024.
eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Watford-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Aston Villa-spelarar Kategori:West Ham-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Portsmouth-spelarar Kategori:Målvakter i fotball