Sivert Lauritz Aasen () var ein norsk prest og stortingsmann frå Volda.

Aasen var frå garden Hjorthaugåsen i Volda, faren var gardbrukar. Sjølv gjekk han Volden lærerskole, der han tok eksamen 1876. Året etter gjekk han ut frå Asker seminar, og var eit år huslærar hos Nils J. Gregersen i Volda. Frå 1878 var han i tre år lærar på Hokksund folkeskule. Han vart student i 1883 og cand. theol. i 1889. Frå teologistudiet barst det rett i teneste som sokneprest i Måsøy i Finnmark. Her var han også ordførar 1892-1901 og formann i skulestyret. Frå sommaren 1902 og til han døydde var han sokneprest i Buksnes i Nordland. Også her var han ordførar, frå 1904, og skulestyreformann.

Aasen møtte på Stortinget frå 13. mars 1897, som 2. varamann frå Finnmark. Han var medlem av Lagtinget og næringskomite nr. 2. Perioden 1900-03 var han 1. representant frå Finnmark på Stortinget, sat i protokollkomiteen. Han var medlem av Høgre.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Volda