Fjellkattefot (Antennaria alpina) er ei plante i korgplantefamilien, med ei amfi-atlantisk utbreiing (finst på begge sider av Atlanterhavet).
Fjellkattefot er kring 8 cm høg, med blad som er lyst grålodne på undersida, og oftast også på oversida. Stengelen er kvitfilta. Korgdekkblad mørkt gråbrune, seinare gulbrune., smale og spisse på hoplanta, breiare og med oppflisa kant på hannplanta. Hannplanta er mykje meir sjeldsynt enn hoplanta. Elles har fjellkattefot kvit fnokk, sjeldan lyst raudleg. Blømer kring juli i bakkar og på knausar til fjells, mest på kalkrik grunn. I Noreg er planta utbreidd frå Rogaland i sør til Finnmark i nord.
Eit anna norsk namn på arten har vore filtkattefot, men Artsdatabanken tilrår no fjellkattefot.
Tidlegare vart grønkattefot oppfatta som ein underart av fjellkattefot, men denne vert no rekna som ein art, Antennaria porsildii.
Kjelder
Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora, Det norske samlaget, 1985. Elven, R, Bjorå, C.S., Fremstad, E., Hegre, H. & Solstad, H.: Norsk flora, Det norske samlaget, 2022.
Denne artikkelen bygger på «Fjällkattfot» frå , den 17. juni 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Korgplantefamilien