Frederik Michael Frantz Wilhelm Løvenskiold () var ein norsk godseigar, jarnverkseigar, stortingsmann og postmeister, fødd i Porsgrunn. Severin Løvenskiold var bror hans.

Løvenskiold var fødd i Porsgrunn, faren var godseigar. Sjølv vart han sjøkadett i 1800, knapt 10 år gammal. 1808-14 var han sekondløytnant i sjøetaten, deltok i strid i 1814. Frå 1814 var han eigar av herregarden Rafnes i Bamble, og året etter av Bolvik jarnverk.

Løvenskiold var stortingsrepresentant frå Bratsbergs amt både i 1827, 1828 og 1830. I 1827 var han medlem av militærkomiteen, komiteen om berg- og skogvesen og sekretær i komiteen om borgarvæpninga. På omframstortinget 1828 var han sekretær i komiteen om vernepliktslova, medan han i 1830 var medlem av militærkomiteen og komiteen om kjøpstadskatten.

1832-62 var Løvenskiold postmeister i Christiania. Han døydde i hovudstaden i 1869.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Bokmålswikipedia

Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Norske godseigarar Kategori:Postfolk Kategori:Folk frå Porsgrunn