Henrik Vilhelm Tillisch () var ein norsk overførster og magasinforvaltar ved Kongsberg sølvverk, og stortingsrepresentant.
Tillisch var fødd i Trondheim, faren var offiser. Han voks for ein stor del opp i Holsten, der han vart forstkandidat og i 1810 forst- og jaktjunker. Same året kom han til Noreg att, vart i 1813 kasserar for Kongsberg fattigvesen. År 1816 vart han overførster ved sølvverket på Kongsberg, frå 1827 også magasinforvaltar.
Tillisch representerte Kongsberg på Stortinget 1833, der han var medlem av næringskomiteen og komiteen om kjøpstadskatten.
Tillisch trekte seg frå stillingane sine i 1858, og døydde på Kongsberg to år seinare.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:Ordførarar i Kongsberg Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Kongsberg