Kristin Normann (), fødd i Oslo, er ein norsk jurist, tidlegare professor i jus og advokat. Ho blei 12. februar 2010 utnemnd til dommar i Noregs Høgsterett. Ho tiltredde som høgsterettsdommar 9. august 2010.

Kristin Normann vart uteksaminert cand.jur. frå Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 1982, og vart dr. juris i 1994. Ho har arbeidd som advokatfullmektig i Advokatfirmaet BA-HR 1983-1984, forskar, førsteamanuensis og professor ved Institutt for privatrett, Universitetet i Oslo 1985-2007, konstituert lagdommar i Borgarting lagmannsrett i 2003, og som advokat og partner i Advokatfirmaet Selmer frå 2006.

Kristin Normann har vore styremedlem ved Oslo Børs, og i privateigde norske selskap. Ho har også vore medlem av kontrollkomitéar for private og offentlege finansinstitusjonar. Ho har også vore valdgiftsdommar, og var med i granskingsutvalet i Valla-saka.

Kristin Normann sitt fagområde har vore selskapsrett.

Bibliografi Medvirkeransvaret i aksjeloven og allmennaksjeloven § 17-1 (2). Særlig om medvirkeransvaret i konsernforhold” i Festskrift til Mads H. Andenæs, Redaktører Geir Woxholth, Gudmund Knudsen og Kristin Normann (2010). Misligholdsbeføyelser ved brudd på aksjonæravtale” i Institutt for privatrett Skriftserie 175: Mads Henry Andenæs, Gudmund Knudsen og Kristin Normann: ”Tre foredrag om aksjonæravtaler”. (2009) Om tidspunktet for overgang av aksjonærens organisatoriske beføyelser knyttet til aksjer i allmennaksjeselskaper, Nordisk Tidsskrift for Selskabsret, 2003, s. 357 Nordic financial market law: the regulation of the financial services in Denmark, Finland, Iceland, Norway and Sweden, 2003, medforfatter Prospektansvar – behov for nytenkning?, Tidsskrift for Rettsvitenskap, 2002, s. 239 Indirekte aksjonæransvar, Nordisk Tidsskrift for Selskabsret, 1999, s. 64 Ansvarlige selskapers prosessuelle stilling, Jussens Venner, 2000, s. 229 Styremedlemmers erstatningsansvar i aksjeselskaper, 1994

Kjelder Kristin Normann hos domstol.no Kristin Normann hos selmer.no, vitja 19. juni 2010 To nye dommarar i Høgsterett 12. februar 2010 hos regjeringen.no, vitja 19. juni 2010 Intervju med Kristin Normann i Advokatbladet.no nr. 4- 2010, vitja 19. juni 2010 SNL-artikkel om Normann, skriven av Jon Gisle.

Kategori:Norske jusprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske høgsterettsdommarar kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske advokatar