Kvitbladtistel (Cirsium heterophyllum) er ein fleirårig art i korgplantefamilien. Planta er utbreidd over Europa og Asia.

Kvitbladtistelen vert kring 70 cm høg, og har blad med ymse former, tungeforma eller buktfinna med framrette lappar. Bladoversida grøn og snau, undersida kvitfilta. Stengelen er rak, ofte med berre ei korg. Taklagde korgdekkblad utan tornar. Blømer kring juli i beitemarkar og fjellier. Vanleg gjennom det meste av Noreg. Funnen opp til 1680 m i Jotunheimen.

Galleri

Kjelder Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Denne artikkelen bygger på «Brudborste» frå , den 20. juni 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Korgplantefamilien