Ferdinand Nicolai Roll () var ein norsk jurist, embetsmann, sorenskrivar, politikar og høgsterettsdommar. Han var son til Jacob Roll og far til Nini Roll Anker.
Roll var fødd i Trondheim. Han vart student frå katedralskulen i byen i 1847, og vart cand. jur. i 1852. Frå 1858 til 1870 var han tilsett i justisdepartementet, dei siste fire åra som byråsjef for 2. sivilkontor. Under si tid i hovudstaden var han i 1850-åra ein sentral figur i studentersamfunnet, formann i fleire bolkar. 17. februar 1864 var han med og stifta Kristiania arbeidersamfund, der han vart vald til nestformann. Han var seinare, 1870-71, formann og sidan æresmedlem.
Deretter var Roll frå 1871 sorenskrivar i Romsdal i 17 år, med bustad i Molde. Under tida i Molde var medlem av bystyret 1873-88, ordførar 1875-76 og 1887.
Roll var stortingsrepresentant for byane Ålesund og Molde 1877-85 og 1892-94. Han var sekretær i næringskomite nr. 1 1877-79, formann 1880-85. 1884-85 var han medlem av fullmaktskomiteen. Siste stortingsperioden var han medlem av Lagtinget og formann i justiskomiteen. Roll høyrde heime mellom dei moderate høgrepolitikarane, var negativ til parlamentarismen, men gjekk inn for forsiktig regulering av arbeidslivet.
I Emil Stangs første regjering var Roll sjef for justisdepartementet frå 13. juli 1889 til 6. mars 1891. Han vart då utnemnd til ekstraordinær høgsterettsassessor (høgsterettsdommar). Frå 1895 til 1912 var han ordinær assessor i Høgsterett.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske statsrådar 1884-1905 Kategori:Norske justisministrar Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar for Ålesund og Molde Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Ordførarar i Molde Kategori:Norske høgsterettsdommarar Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Trondheim