Chukwudi Odiah, kjend som Chidi Odiah () er ein nigeriansk fotballspelar som har spela for CSKA Moskva i den russiske fotballigaen, og for det nigerianske landslaget. Han har vorte seriemeister i tre ulike land: I Nigeria med Julius Berger i 2000, i Moldova med Sheriff Tiraspol fire gonger (2001, 2002, 2003 og 2004) og i Russland to gonger med CSKA Moskva (2005 og 2006). Han vann òg UEFA-cupen med CSKA Moskva i 2005. 5. september 2004 debuterte han for Nigeria sitt A-landslag.
Kategori:Nigerianske fotballspelarar Kategori:CSKA Moskva-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010