James Maxton () var ein skotsk politikar. Han var fødd ved Glasgow som son av to skolelærarar, noko han blei sjølv au, sidan.

I 1904 melde han seg inn i Independent Labour Party ILP, som var kollektivt tilslutta Labour Party, Det britiske arbeidarpartiet.

Maxton var motstandar av første verdskrigen og måtte sitte eit år i fengsel på grunn av det.

Han blei innvald i det britiske parlamentet for kretsen Glasgow Bridgeton i 1922, og leidde ILP frå da av. Han var på denne tida tilhengar av at ILP skulle halde fram med å vere tilslutta Labour Party, men endra syn sidan, og leidde det venstresosialistiske partiet ut av sambandet med Labour Party i 1932.

Maxton døydde i 1946, medan han framleis var sittande parlamentsmedlem for Glasgow Bridgeton. Etter det stagnerte ILP, og på 1970-talet blei det lagt ned.

James Maxton var rekna som ein av dei største talarane på si tid, både i parlamentet og utanfor.

Kategori:Skotske politikarar Kategori:Folk frå Glasgow Kategori:Skotske sosialistar Kategori:Britiske parlamentsmedlemmer Kategori:Politikarar frå 1900-talet