Georg Carl Buonaparte Heyerdahl () var ein norsk offiser og stortingsrepresentant frå Kristiansand.
Heyerdahl var son av ein postmeister og stadshauptmann i Kristiansand. Sjølv tok han eksamen frå krigsskulen i 1814, og vart året etter sekondløytnant ved vesterlenske regiment. Ved omorganiseringa av hæren i 1818 gjekk han over i artilleribrigaden. Der steig han i gradane, til premierløytnant i 1819, stabskaptein i 1826, batterisjef i 1834, major i hæren i 1843, og oberstløytnant og bataljonsjef i 1850. Frå 1840 til 1847 var han inspektør ved den militære høgskulen.
Heyerdahl representerte Moss på Stortinget i 1833. Han var visesekretær i Lagtinget, og sekretær i militærkomiteen og i komiteen om slottsbygninga, samt medlem av komiteen om kjøpstadskatten. I 1836 var han med i kommisjonen for Noregs festningsvesen. Han var medlem av Kristiania bystyre 1839-44.
Georg Heyerdahl døydde av kolera i Kristiania i 1853.
Kjelder
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, 1814-1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K, side 375, digital utgåve
Kategori:Stortingsrepresentantar for Moss Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Kristiansand