Mikael Heggelund Kildal () var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann frå Borgund på Sunnmøre. Peter Kildal og Daniel Kildal var brørne hans.
Kildal var fødd på Sørnes i Borgund, i dagens Ålesund, der far hans var sorenskrivar. Sjølv vart han student i 1830 og cand. jur. i 1835. Neste fem åra var han fullmektig hos sorenskrivar, i 1840 var han prokurator i Telemark. Frå 1841 og i vel 20 år var han prokurator i Ringsaker, der han gifta seg til garden Refling. 1862 vart han sorenskrivar for søre Hedmark, året etter for nordre Hedmark. Dette embetet hadde han til han døydde.
Kildal representerte Hedmark på Stortinget 1848, 1854, 1857, 1858, 1859-60, 1865-66 og 1868-69. Han var i 1848 sekretær i Odelstinget og i protokollkomiteen, samt medlem i adressekomiteen. I 1854 var han medlem av og i 1857 formann i justiskomite nr. 2, i 1857 også medlem av jarnbanekomiteen og komiteen om fengselslova. Han var i 1859-60 medlem av justiskomite nr 1 og valkomiteen, deltok i 1860 deputasjonen til kongekryninga i Stockholm. 1865-66 var han medlem av justiskomite nr 1 og valkomiteen, samt formann i komiteen om hjelpekyrkje for kyrkjelyden ved domyrkja i Trondheim. På sitt siste storting 1868-69 var han medlem av Lagtinget, formann i gasje- og pensjonskomiteen, pluss medlem av valkomiteen. Han var 1859 medlem av skoglovskommisjonen.
Kildal var ordførar 1843-47 i Ringsaker, og ofte medlem av heradstyret heilt fram til han døydde i 1884 på garden sin i Ringsaker.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Ålesund