Denis Ramón Caniza Acuña () er ein paraguayansk fotballspelar som har spela i forsvar for León i den mexicanske fotballigaen og for Paraguay sitt landslag. Han har blitt seriemeister i Paraguay fire gonger med Olimpia og éin gong med Nacional, og i Mexico med Santos Laguna og Cruz Azul. Han er den einaste paraguayanske spelaren som har vore med i fire VM-sluttspel på rad, i 1998, 2002, 2006 og 2010. Under VM i Sør-Afrika i 2010 var han landslagskaptein.
Kategori:Paraguayanske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010