Lars Berentsen () var ein norsk kjøpmann, reiar, ordførar og stortingsmann frå Stavanger.

Han var son av ein kjøpmann i Stavanger. Då faren døydde tok Lars Berentsen over firmaet saman med mor si og svogeren Charles Racine. Verksemda vart konsentrert om sei og sild, og han gjorde skipshandelen til byens største i bransjen. Frå 1892 eigde han åleine firmaet «E. Berentsen».

Berentsen vart ein av dei mektigaste i Stavanger. Han kom med i bystyret i 1875 og var ordførar 1884 og 1886-88. Vidare var han ein av stiftarane av Stavanger Privatbank, Stavanger Preserving Co. og av arbeidsskulen for gutar m.m. Han var direktør i Stavanger Søassuranceforening, ordførar i Det Stavangerske Dampskibsselskabs fyrste representantskap, styrar av Noregs Banks stavangeravdeling og i mange år medlem av børskomiteen.

1886-88 var Berentsen 2. representant frå Stavanger på Stortinget, der han var medlem av tollkomiteen. For perioden 1892-94 var han opphavleg suppleant, men rykte opp då Lars Oftedal trekte seg. Han melde då sjukdomsforfall, og møtte ikkje på Stortinget.

Lars Berentsen fekk i 1880 skøyte på eigedommen løkke nr. 8 på Eiganes i Stavanger. Gjennom rolla si ved oppføringa av Sjømannshjemmet i Stavanger og børsbygninga i Kirkegaten hadde Berentsen nær kontakt med arkitekt Henrik Nissen. Denne fekk då i oppdrag å teikne herskapsvillaen Breidablikk, som stod ferdig 1881.

Berentsen vart i 1890 slått til riddar av St. Olav. Han døydde i 1896 på Breidablikk.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger og Haugesund Kategori:Ordførarar i Stavanger Kategori:Folk frå Stavanger