Estosadok, stundom stava Esto-Sadok eller Estosadoc (Э́стосадо́к/Э́сто-Садо́к, Eesti Aiake, tyder 'estisk hage') er ein landsby i Adler-distriktet i Sotsji i Krasnodar kraj i Russland. Landsbyen ligg med Mzymta-elva ovanfor Krasnaja Poljana.

Busettinga vart grunnlagt i 1886 av trettiseks estiske familiar som kom til staden 21. august 1886 for å busette landområde som tidlegare høyrde til sadz-folket. Folketalet i Estosadok er omtrent 400.www.runewsweek.ru Ein liten del av befolkninga i Estosadok snakkar framleis estisk.

Restane av eit tjerkessisk fort og eit hus til minne om den estiske forfattaren Anton Tammsaare ligg i landsbyen. Like ovanfor landsbyen finst skianlegget Alpika-Service.

Referansar

Kategori:Krasnodar kraj