Kristiansund er ein by og administrasjonssenter i Kristiansund kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Dette er den største tettstaden i kommunen.
Tettstaden Kristiansund hadde 17 002 innbyggjarar per 1. januar 2009, og . Kristiansund ligg på dei tre øyane som utgjer Kristiansund: Nordlandet, Kirklandet/Gomalandet og Innlandet.
Alle dei vesentlege sentrumsfunksjonane i Kristiansund kommune ligg i tettstaden Kristiansund.
Etter at Frei kommune vart slegen saman med Kristiansund kommune frå 1. januar 2008 har Kristiansund kommune fått fire tettstader til: Rensvik, Solsletta, Storbakken og Kvalvåg.
Sjå òg Tettstader i Møre og Romsdal
Kategori:Kristiansund kommune Kategori:Byar i Møre og Romsdal Kategori:Tettstader i Møre og Romsdal Kategori:Hurtigruteanløp i Møre og Romsdal Kategori:Kommunesenter i Møre og Romsdal