Storkenebb- eller geraniumfamilien er ein plantefamilie i ordenen Geraniales. Han inneheld rundt 800 artar fordelt på 7 slekter. Familien har namn etter underslekta storkenebb (Geranium), som igjen viser til dei storkenebbliknande fruktene plantane lager.

Dei fleste artane veks i temperert eller varmt temperert klima, men nokre veks i tropane. I Noreg finst to viltveksande slekter, storkenebb (Geranium) og tranehals (Erodium) . Nokre artar i slektene Geranium og Pelargonium blir dyrka som potte- og hageplantar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Storkenebbfamilien» frå , og «Geraniaceae» frå den 19. juli 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Geraniales Kategori:Plantefamiliar