Tonje Unstad () er ein norsk visesongar frå Liland i Evenes kommune.
Ho debuterte med albumet Sett på Kirkelig Kulturverksted i april 2006. I september 2009 gav ho ut sitt andre album, Æ ror aleina, på Echofisk. Tema for albumet er byen og havet, og Tonje har eit forhold til begge delar. Ho voks opp nær havet og har seinare busett seg i Oslo. For albumet vann ho Spellemannprisen 2009 i klassen visesong. I 2011 gav ho ut barneplata Mygga og flua, og vann Spellemannprisen 2011 i klassen barneplate for dette.
I 2010 fekk ho Prøysenprisen.
Diskografi
Sett (2006) Æ ror aleina (2009) Mygga og flua (2011) Svermere, utgitt på NOVISE/Musikkoperatørene (2016) Musling med melk, utgitt på NOVISE (2018)
Kjelder www.nrk.no Tonje Unstad ror aleina
Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Norske visesongarar Kategori:Fødde i 1981 Kategori:Folk frå Evenes Kategori:Vinnarar av Prøysenprisen