Arthur Andreas Arntzen () var ein norsk komikar, forfattar og artist frå Tromsø.

Liv og virke Arntzen vart fødd i Tromsø og voks opp på Tromsøya og i Gratangen og Tromsdalen, der han seinare busette seg.

Trass i minimalt med skulegang, vart Arntzen journalist i lokalaviser, og vart seinare på 1950-talet Nord-Noreg-korrespondent for Dagbladet.

På slutten av 1950-talet skapte Arntzen komifiguren «Oluf Rallkattli», fyrst for lokalrevyar, frå 1965 for TV og sidan 1967 for bøker og skodespel. Som skodespelar er han kjend for den nordnorske humoren sin, noko som òg er emne i fleire av bøkene hans. Boksalet i Oluf-serien har kome opp i over . I 1989 vart bøkene omarbeidde til eit skodespel for Hålogaland teater. Dette vart den største suksessframsyninga teateret hadde hatt nokon gong, og TV-versjonen vart ein tilsvarande suksess. Det siste skodespelet hans, Den fordømte nordlendingen, omhandla òg nordnorsk humor. Saman med Håkon Karlsen og Tore Skoglund har han halde framsyningar om Oluf, der fleire av dei òg er utgjevne på CD.

Arthur avgjorde å avslutte skodespelet om Oluf i 2007, då etter 50 år.

Ole Danbolt Mjøs, tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, utnemnde Arntzen til ei honorær universitetsstilling som av Arntzen har vorte omtala som «flirolog» eller «artigamanuensis».

Bibliografi 1974 – Han Oluf. 1974 – Oluf R. 1980 – Rapport frå Rallkattlia. 1982 – Supar Oluf. 1982 – Ho Emma. 1987 – Han Lars (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1987 – Oluf og Emma (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1988 – Oluf R (illustrasjonar av Dagfinn Bakke) 1988 – Super Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1988 – Rallkattlia (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1989 – Siste Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1989 – Rapport fra Rallkattlia (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1990 – Æ sei ikkje meir (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1990 – Oluf samla (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1990 – Småkarer under frostmåne (sjølvbiografi, saman med Arvid Hansen). 1993 – Det svær æ på. 1994 – Æ gjer meg ikkje (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1986 – Æ lyg ikkje (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1996 – Dokker kan flire: elendighet i utval (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1997 – Oluf for evig (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1987 – Nye Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke). 1994 – Og langsomt kom lyset. 2003 – Det latterlige alvor. 2006 – Oluf i eget bokbad. 2009 – Vi sto han av! (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).

Diskografi 1973 – Han Oluf (med Håkon Karlsen) 1973 – Ja, du Oluf 1977 – Erindringer 1 1980 – Han Oluf igjen 1981 – Mølje og sodd 1984 – Oluf's kattastrofe 1988 – Olufs jubileumsfarse 1991 – Latterkula 1991 – På kryss og tvers med Oluf og Lars 1995 – Livet med Oluf (samleplate)

Filmografi 1975 – Tut og kjør 1990 – Oluf (vist i TV, NRK). 1997 – Den fordømte nordlendingen 1999 – 40 år med Oluf 2006 – Oluf i eget bokbad 2007 – 50 år med Oluf

Bøker om Arthur Arntzen 1997 – Han Arthur, av Ivan Kristofersen (illustrasjonar av Kaare Espolin Johnson. Det Norske Samlaget. 2007 – Eventyr, tårer og latter. Historia om Arthur Arntzen, av Kjell Snerte. Det Norske Samlaget.

Prisar og utmerkingar 1987 – Troms fylkeskommunes kulturpris. 1989 – Nynorsk litteraturpris sin heiderpris. 1989 – Tromsø kommunes kulturpris. 1991 – Spellemannprisen 1991 i klassa underhaldning, for albumet Latterkula. 1992 – Petter Dass-medaljen for «saftig nordnorsk humor». 1996 – Solidaritetsprisen fra Funksjnshemmedes fellesorganisasjon (FFO). 1997 – Folkehelseprisen. 1999 – «Århundredets humorist» (kåra av Nitimen). 1999 – Leonardstatuetten. 2000 – Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. 2001 – Tidenes type, for figuren Oluf under Komiprisen. 2005 – Alf Prøysens Ærespris. 2005 – Jack Berntsens kulturpris. 2015 – Agenda Nord-Norges Ærespris

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arthur Arntzen» frå , den 23. juli 2010, men er utvida i ettertid.

Bakgrunnsstoff

Digitaliserte bøker av Arthur Arntzen hjå Nasjonalbiblioteket Om Arthur Arntzen på nettstaden til Samlaget Om Arthur Arntzen på nettstaden til Dramatikerforbundet Om Arthur Arntzen i Dagbladet Forfattar Arthur Arntzen i Norsk biografisk leksikon

Kategori:Forfattarar frå Troms Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske musikarar Kategori:Nordnorske målfolk Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Folk frå Tromsø Kategori:Folk frå Gratangen Kategori:Vinnarar av Alf Prøysens Ærespris