Rolf Theil, tidlegare Rolf Theil Endresen, () er ein norsk professor og lingvist ved Universitetet i Oslo. Som språkforskar er han kognitivist, altså ein som ser språklege mønster og kategoriar i samanheng med menneskelege tenkjemåtar. Mellom fulaniane i Maasina i Mali går han under namnet Alfaa Hamiidu Bari.
Theil tok examen artium i 1965 og magistergraden i lingvistikk i 1975 med kinesisk og samisk som støttefag. Deretter var han professor i afrikansk og allmenn lingvistikk ved Universitetet i Oslo i 1994. Så lenge universitetet tilbaud afrikanske språkfag underviste han i fulfulde og hausa.Trine Nickelsen: «Rolf Theil Endresen: Grenselaust forelska i språk » i Apollon (01.03.2001). Forskinga hans har også krinsa mykje kring afrikanske språk; til dømes har han laga ei rettskriving for språket nizaa. Han har elles eit tilsvarande prosjekt på gang med ei skulebok i norsk romani.
Theil er ellers kjend for å vere temmeleg språkmektig. Han kan om lag 50 språk og har mellom anna vorte definert som glottoman i språkprogrammet Typisk norsk.Håkon M. Sverdrup: «Typisk norsk - program 8» på NRK.no (02.05.2005).. Han har vore leiar i Landslaget for språklig samling frå 1987 til 1989«Tillitsfolk » på Samnorsk.no. og redaktør for medlemsbladet Språklig Samling. Theil har også hatt eigne språkspalter i Klassekampen og i VG. I 2007 gav han ut ei populærvitskapleg bok med namnet Skyformasjonane på San Franciscos sørhimmel i grålysninga 30. april 1882 og grunnane til at vi ikkje har sett namn på dei. Reiser mellom språk.
Rolf Theil er gift og har ein son. Han er i dag busett i Jevnaker i Oppland.
Kjelder «Rolf Theil» på Wikipedia på bokmål, innhenta 27. juli 2010. «Rolf Theil» i Allkunne, innhenta 27. juli 2010.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Porsgrunn Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Personar innafor samisk språkforsking