mini|Hervé Télémaque Hervé Télémaque () er ein haitisk-fransk samtidskunstnar som er assosiert med narrativ og figurativ kunst. Uttrykksformene hans er måling og grafikk. Télémaque er ein viktig representant for avantgardekunsten som utvikla seg i Frankrike i 1960- og 1970-åra.

Hervé Télémaque forlét Haiti i 1957 og studerte ved Art Students League of New York i USA fram til 1960. Der oppdaga han den abstrakte ekspresjonismen og surrealismen som då var populært blant dei USA-amerikanske kunstnarane, og spesielt Arshile Gorky. Hans eigen kunst utvikla seg likevel meir i retning av popkunsten.

Tidleg i 1960-åra fekk kunsten hans internasjonal merksemd, og verka hans kom med på større internasjonale utstillingar. I 1964 var han til dømes med på den 32. Veneziabiennalen.

Han har budd og arbeidd i Paris sidan 1961. Télémaque var ein av dei fyrste kunstnarane innan popkunst i Frankrike. Ved sidan av måling, arbeider han også med kollasjar og montasjar, fyrst og fremst med bruk av farga papir.

Kjelder «Hervé Télémaque» på Wikipedia på fransk, innhenta 30. juli 2010. «Hervé Télémaque» på Wikipedia på tysk, innhenta 30. juli 2010.

Kategori:Haitiske kunstnarar Kategori:Folk frå Port-au-Prince