Symfoni nr. 3 i G-dur, Hoboken I/3, av Joseph Haydn vart skriven mellom 1760 og 1762.
Han er skriven for to oboar, fagott, to valthorn, strykarar og continuo.H. C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. London: Universal Edition & Rockliff (1955): 618. "2 ob., 2 cor., str., [ fag., cemb. ]" Han var ein av dei første symfoniane som hadde fire satsar:
Allegro, 3/4 Andante moderato i g-moll, 2/4 Menuett og trio, 3/4 Allegro, alla breve
Blåseinstrumenta er ikkje med i den langsame satsen(Landon, 1955): 218
Menuetten er i seg sjølv ein kanon, mellom høgare og lågare stemmer i eit intervall over ein enkelt takt. Haydn skulle seinare skrive ein liknande kanon i menuetten i hans 23. symfoni og liknande kanonar vart seinare skrivne i G-dur-menuettar av Michael Haydn og Mozart.HC Robbins Landon, Haydn: Chronicle and Works, 5 vols, (Bloomington og London: Indiana University Press, 1976-) v. 1, Haydn: the Early Years, 1732-1765 Enno seinare utvikla Haydn sjølv denne teknikken til «Kanonar i toneregister» i menuetten i Trauer-symfonien hans og «Heksemenuetten» i hans Strykekvartett i d-moll frå Op. 76.
Finalen er òg kontrapunktisk. Det er ein fuge med to tema som òg inneheld element frå sonateforma.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 3 (Haydn)» frå , den 30. juli 2010.
Symfoni 003 Kategori:Musikk i 1760-åra