mini|Den nyklassisistiske Noregs Bank i Skien. mini|Tollboden i Skien. Utkast teikna av Hother Bøttger og fullført av Paul Thrane og Tullin Thams. Hother Erich Werner Bøttger () var ein norsk bankbokhaldar, stadskonduktør og stortingsmann frå Skien.

Bøttger var son av ein organist. Sjølv utdanna han seg til snikkarmeister, og seinare til arkitekt ved kunstakademiet i København. Han vart i 1834 tilsett som stadskonduktør i Skien og Porsgrunn. Bøttger er kjend for ei rekke ombyggingar, til dømes Skien kyrkje og hovudgarden på Holden, samt teikningane til Noregs banks bygning i Skien. Elles forma han ei rekke teikningar av omnar for Ulefos Jernværk.

Bøttger var stortingsrepresentant for Skien i 1845 og 1857. På fyrste tingsamlinga var han medlem av næringskomite nr 1, medan han i 1857 var sekretær både i desisjonskomiteen og og i komitéen om stortingsbygninga.

Han var medlem av bystyret i Skien frå 1839 og forlikskommisjonen frå 1852. Bøttger var ordførar i Skien frå 1842 til 1843. Han døydde i Skien i 1857.

Verk Ombygginga av eksteriøret på Skien gamle kyrkje (1840–1842). Gjekk tapt 1886 i bybrannen. Noregs Banks bygning i Skien saman med Hans Linstow. (1849)Varden.no – 2,8 mill. dyrere (Av Tom Erik Thorsen – Publisert 26. november 2008, besøkt 11. mars 2009) Ombygginga av Skien latinskole (1854). Gjekk tapt 1886 i bybrannen. Ombygginga av Holden hovedgård (1850-åra) Tollboden i Skien (1860)

Referansar

Kjelder Gunnarsjaa, Arne: Arkitekturleksikon. Oslo 2007

Kategori:Norske arkitektar Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar for Skien Kategori:Ordførarar i Skien Kategori:Folk frå Skien