mini|Berrimah radar
Bureau of Meteorology er eit statleg selskap i Australia som har ansvar for vêrtenester i og rundt Australia. Det vart skipa i 1906 då fleire statlege meteorologiske tenester, som hadde eksistert tidlegare.
Bureau of Meteorology lagar vêrvarsel, åtvaringar og observasjonar til australiarane. Byrået sender ut vêrbilete via radiofax og er ansvarleg for å sende ut flaumvarsel i Australia. Byrået har hovudkontor i Melbourne Docklands, som omfattar forskingssenteret deira, det nasjonale meteorologiske og oseanografiske senteret, det nasjonale klimasenteret, samt ei hydrologisk og ei satellittavdeling.
Byrået har regionskontor i kvar stat og territorium i landet, som kvar har sitt eige regionale varslingssenter og eit flaumvarselsenter, og Perth, Darwin og Brisbane har òg Varlingssenter for tropiske syklonar. Kontoret i Adelaide omfattar Nasjonalt tidvassenter, medan Darwin-kontoret har Volcanic Ash Advisory Centre og Regional Specialised Meteorological Centre (analysar).
Bureau of Meteorology sender ut anbefalingar kring tropiske syklonarTropical Cyclone Advices , Bureau of Meteorology, 2009 og utvikla Standard Emergency Warning Signal (Standard naudvarslingssystem) for åtvaringar. Byrået er ansvarleg for å namngje tropiske syklonar i farvatna rundt Australia.
Byrået vedlikeheld observasjonsnettverket i Australia, naboøyane og på Antarktis.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bureau of Meteorology (Australia)» frå , den 7. august 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Australske føretak Kategori:Skipingar i 1906 Kategori:Meteorologiske institusjonar og stasjonar